Autistisk frigjering!

-Farksyl`n

2. april er verdas autismedag. I USA har dei dedikert april til såkalla autism awareness, medvett rundt autisme. Sjølv om dette er størst i USA har den som dei fleste saksdedikerte månadar spreidd seg til andre deler av verda.

Mange i autismemiljøet har i dei siste par åra kravd at månaden skal vera fokusert meir på aksept enn medvett. Fokuset på medvett sett ikkje den autistiske personen i sentrum, og det blir ofte misbrukt for å spreie ein funkofobisk agenda.

Autismemånaden har i seg sjølv problematisk opphav. Den vart popularisert av organisasjonen Autism Speaks. Ironisk nok meiner det store fleirtalet av autistar at Autism Speaks ikkje snakker for dei.

Autism Speaks vart grunnlagt i 2005 av ekteparet Bob og Suzanne Wright etter at barnebarnet deira vart diagnostisert med autisme. Organisasjonen har fått kritikk av over 60 forskjellige funkis-organisasjonar for å vera dårleg representasjon for autister og for deira utnyttende og til og med skadelege praksis.

Frå starten av har fokuset deira vore å finne ein kur for autisme. Styret hadde fram til 2016 ingen medlemmar på spekteret. I 2020 var 1 av 28 styremedlem på spekteret. Det er også verdt å påpeike at 23 av 28 representerte store selskap, som PayPal, Virgin Mobile, eBay, L’Oreal, CBS, American Express, S.C. Johnson, og Royal Bank of Scotland.

Pengane dei samla inn går i stor grad til høge løningar for styret samt reklame og markedsføring for organisasjonen. Dei har komme med reklamefilmar som demoniserer autisme, då spesielt videoen deira “I am Autism”, der ein kan høyre ein mørk og trugande stemme seie ting som:

I am autism. I’m visible in your children, but if I can help it, I am invisible to you until it’s too late. I know where you live. And guess what? I live there too(…) I work faster than pediatric aids, cancer, and diabetes combined And if you’re happily married, I will make sure that your marriage fails. Your money will fall into my hands, and I will bankrupt you for my own self-gain.”

Generelt fokuserer Autism Speaks på folk som er nære dei på autismespekteret, for det meste familiar men også pleiarar og liknande, framfor å fokusere på folk på autismespekteret. Dei gjer ikkje noko for å forbetre liva til autistar, dei gjer det heller vanskelegare ved å spreie feilinformasjon (som at autisme er ein barnesjukdom som i overveldande fleirtal rammar gutar) og å støtte såkalla ABA.

ABA (applied behavioural analysis) er ein slags terapi som eigentleg er meir som tortur, der ein historisk har brukt elektronisk sjokk som straff når pasienten ikkje gjer ting “rett”. ABA har mange felles trekk med såkalla homoterapi, og Ole Ivar Løvaas, doktoren som grunnla ABA, var faktisk involvert i “The Feminine Boy Project”. Dette prosjektet har mange og sterke tilknytingar til det vi i dag kallar homoterapi. Løvaas har også sagt fråstøytande ting om autistar, blant anna

You see, you start pretty much from scratch when you work with an autistic child. You have a person in the physical sense – they have hair, a nose and a mouth – but they are not people in the psychological sense. One way to look at the job of helping autistic kids is to see it as a matter of constructing a person. You have the raw materials, but you have to build the person.”

Tilbake til Autism Speaks. Autism Speaks er meir opptekne av å synast synd på og trøste dei stakkars pårørande som får ungen sin frårøve av autisme-monsteret enn av å gjera livet lettare for folk på autismespekteret. Dei støtter “terapi”formar som lærer oss at vi blir straffa viss vi viser trekka våre, der vi aktivt blir opplæra til heller å tåle smerte enn å reagere på ein måte som nevrotypiske kanskje kan synast er litt rar. Vi blir oppfordra til å utslette oss sjølv for nevrotypiske sin komfort.

Ja, fram til i 2016 ville Autism Speaks faktisk heller finne ein “kur” for autisme, som bokstaveleg talt er eugenikk og forsøk på å utrydde ein heil nevrotype, enn å la oss leva liva våre på ein måte som er bra for oss. For å oppsummere er Autism Speaks altså ei hatgruppe full av nevrotypiske som snakker over autistar og lenge heller ville utrydde oss enn å sjå oss leve gode liv i eit mangfaldig samfunn.

Autismemiljøet har dei siste åra prøvd å ta tilbake autismemånaden. Mot Autism Speaks sin Light It Up Blue-kampanje har vi Light It Up Gold og #RedInstead, vi spreier informasjon og deler våre historiar om å vera autistiske. For eit par år sidan kom ideen om å skifte fokuset frå medvett til aksept. Det meiner eg er eit nødvendig og positivt steg i riktig retning, men det går ikkje langt nok. I år har folk byrja å argumentere for at fokuset skal vera på frigjering. Dette stiller eg meg 100% bak.

Eg vil ha frigjering, ikkje berre aksept og iallfall ikkje berre medvett. Medvett sjukeleggjer, det fokuserer meir på dei rundt oss enn på oss faktiske autistar, og dessuten er den informasjonen som blir spreidd i medvettets namn ofte feil og til og med skadeleg. Aksept er vel og bra, men det kjennast for meg deprimerande og demotiverande at vi må trygle nevrotypiske om å akseptere oss. Det er også veldig lite systemkritisk.

Nevrotypiske vil assimilere, undertrykke, i verste fall utrydde oss. Vi blir opplært til å ikkje ta plass, at vi er for mykje når vi viser trekka våre, at vi må utslette oss sjølv for å gjera liva til nevrotypiske lettare. Vi passer ikkje inn i dette produktivitets-fokusertesamfunnet der verdien din som menneske er basert på kor mykje profitt du klarar å generere. Det er det strengt tatt ingen som gjer, men ein ser det veldig tydeleg med autistar.

Verda er uforutsigbar og kaotisk og full av overveldande sanseinntrykk, og dette gjer livet vanskeleg. Men det betyr ikkje at vi ikkje fortenar å leve. Vi kan ikkje la oss kue av nevrotypiske, vi skal ikkje lenger slite oss sjølv ut for å passe inn i eit samfunn der vi er sett på som unødvendige, uproduktive, slitsamme og umenneskelege. Vi må krevje den plassen vi som mennske har rett på!

For vi er faktisk menneske. Uansett kor mange som kallar oss følelsesløse robotar, kalde maskinar, romvesen og liknande. Mange av oss slit, men vi har framleis ting å bidra med. Mange av oss kan ikkje snakke, men vi kan framleis kommunisere, og vi kan i dei fleste tilfelle framleis forstå kva du seier.

Dette med kommunikasjon er ein stor del av problematikken bak autism awareness month. Vi blir sett på som ute av stand til å kommunisere, til å ha meiningar, og iallfall til å snakke for oss sjølv. Foreldre, besteforeldre, slekt, assistentar og lærarar osv som sikkert har gode intensjonar, eller trur dei har det, prøver å snakke på vegne av oss, som eit slags “eg er stemmen til dei stemmelause”-opplegg. Problemet er at dei alt for ofte ikkje tar seg tid til å lytte, eller så tenker dei at det ikkje er noko vits, sidan vi ikkje veit kva som er best for oss sjølv og sikkert ikkje har noko å seie uansett.

Dette er nedverdigande og paternalistisk, og eg vil understreke at ALLE, til og med dei som ikkje nødvendigvis kan kommunisere via munnleg språk, har ting vi skulle ha sagt. Og vi er lei av folk som snakkar over oss. Ingenting om oss, utan oss!

Derfor seier eg “Nei til autisme-medvett, aksept er ikkje nok – eg vil ha frigjering!” Frigjering frå folk som snakker over oss og tving oss til å utslette oss sjølv for å passe inn i eit samfunn som heilt ærleg berre sug, og som eg ikkje skjønar korfor nokon vil vera del av. Frigjering frå dei tronge rollene dei tving oss inn i. Frigjering frå sjukeleggjering og audmjuking og infantalisering. Eg vil vera fri til å leve som den heile, samansette, autistiske personen eg er. For vi autistar er ganske kule, faktisk! La oss heller feire det, og kjempe for full frigjering!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Et WordPress.com-nettsted.

opp ↑

%d bloggere liker dette: