Føkk TERF-ar — 8. mars skal inkludere alle former for kvinner!

-Lumi. B

Den 8. mars 2020 gjekk Trondheim RU med eit banner i kvinnetoget: «Føkk TERF-er Transkvinner er kvinner». Gjennom året var det mykje fokus på ordbruk, særleg TERF. Men samtidig som dette var tilfellet, opplevde mange i TRUa og miljøet rundt å bli hengt ut.

Ordbruk hev vori eit altfor stort fokus frå transfobar si side, samtidig som det var diskusjon, var det rettssaker der trans-aktivistar dreiv og kjempa mot diskriminering i helsevesenet og ville ha kompensasjon for tvangskastreringa som staten gjorde mot trans folk fram til 2017.

Fokuset kom bort frå denne uretten og statlege diskrimineringa, og i staden fekk vi sjå mykje hatpropaganda ende opp i avisene, inkludert ei avis som er såkalla «venstreside».

Det er framleis diskusjonar i dag som nærmast legg til spørsmål om trans folk er folk. Vi ser politikarar som spreier feilinformasjon eller som hånar trans folk. Det hev gjennom dei siste åra vori ein del folk som kallar seg feministar som hev vori del av dette, som for eksempel kjem med skadelege paroleforslag for 8. mars i Oslo.

Eit tilleggspunkt å komma med, er at mange av dei som kritiserer bruk av ord som «transfob» og «TERF», er garantert blant dei som lurer på korfor folk vil ha nøytralt og inkluderande språk, i nylege samfunnsdebattar. Fordomsfulle folk skjønar at språk er viktig når det gjeld dei personleg.

Med all motstanden som kjem i media og alt hatet som er normalisert, er det derfor ekstra viktig at feministiske og skeive aktivistar stend saman og støttar transkamp.

Erfaringi frå det siste året viser at det er mange som støttar oss, blant feministar og skeive organisasjonar, og då er det viktig at vi stend på ekstra på den skeive og feministiske rørsla. At vi tek plass i skeive og særleg feministiske organisasjonar, for å sørge at dei held den inkluderande linja.

Det er mykje hat i kommentarfelt, i styri blant visse organisasjonar (og parti som Raudt!) og i avisene osv, og då gjeld det at vi samlar oss saman. Skeive cis folk må støtte opp trans folk, og heterofile i alle former må støtte opp lesbiske, homofile, bifile og panfile og asexuelle. 

Det er viktig at vi støttar opp kvarandre og ikkje lar oss bli splitta av falske premiss og splitt og hersk strategien som høgreekstreme nyttar mot oss. Vi i Trondheims miljø treng å halde på den sterke skeive og radikale rørsla som vi hev bygga opp. Vi må sørge for å vera bråkmakarar og at 8. mars her blir inkluderande i alle år framover. Derfor er det viktig at folk engasjerer seg og informerer seg, og at som miljø så tek vi til skeivt opprør.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Et WordPress.com-nettsted.

opp ↑

%d bloggere like this: