Ungdommen er framtida? — Performativitet frå Gubbepartiet dei Raude (Debatt)

-Lumi. B, Publisert i utgave #5

Raudt i Trøndelag har fulgt sitt typiske mønster ved å ikkje lytte til ungdommen. Nokre tenker at dette kanskje er noko som skjedde av dårleg kommunikasjon, men er eit mønster som har skjedd kvart val.

Raudt i Trondheim/Trøndelag har år etter år ignorert, “gløymt” og utelatt RU. Ein kan gjerne snakke om at det er viktig å ha folk med erfaring på listene, men når ein ser på det heile bildet er det tydeleg at det handlar om meir enn berre at vi vil “inkludere folk på lista berre fordi dei er ung”.

“Unge er framtida” og “Vi må lytte på ungdommen” er noko ein høyrer uttala frå folk i Raudt, men ord som dette er ganske tomme når handling ikkje heng med. Gjer det noko at vi er engasjerte og flinke ungdom, viss dei dagen etter ikkje lyttar på oss eller inkluderer oss?

Dette er sjølvsagt ikkje eit problem som er eksklusivt til Raudt, men er eit problem eg no tar opp av erfaring og å ha lytta på andre i RU rundt i landet og tidlegare RU-era i Trondheim. Dette handlar om meir enn om eg endte på lista eller kor høgt eg ender opp, men kor mykje RU-era har blitt tatt på alvor før meg, og kjem til å bli etter meg.

Det er på tide å sjå på kompetanse og dei unike vinklane folk har, framfor å berre anta at folk er erfarne ut i frå at dei er gamle. Mange unge har hatt fleire år med erfaring då det kjem til organisering i interesseorganisasjonar særleg. Dette burde bli sett på som likeverdig erfaring.

Eg håper på at ein dag kan vi få endra ting. Dette er noko eg håper vi får endra på via årsmøta og landsmøta, og eg oppfordrar folk i (ungdoms)parti til å gjera dette der dei er au!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Et WordPress.com-nettsted.

opp ↑

%d bloggere liker dette: